Komponert over Ovids Metamorfoser

Komponert over Ovids Metamorfoser

Informasjon:

Tukthuset
1. februar
13:30

Komponert over Ovids Metamorfoser

Ovids Metamorfosar er eitt av dei viktigaste verka i vestleg kulturhistorie. Òg i musikken har denne teksta sett enorme spor: Ikkje berre har historiene fylt scener og konserthallar, men ho har vore med på å påverke sjølve måten som musikk blir skrive og høyrt på.

Halvor K. Hosar er fyrstelektor i musikkhistorie ved Universitetet i Stavanger og ein spesialist på symfoniens historie. I dette føredraget skal han vise korleis Ovid har vore med på å forma den klassiske musikken gjennom fleire hundreår på ulike vis, frå oppfinninga av operaen i 1598, via utviklinga av instrumentalmusikk med narrativ (programmusikk), til sjølve den symfoniske musikkstilen. Slik har Metamorfosane påverka både musikkteaterets ytre drama og instrumentalmusikkens indre drama kanskje meir enn noka anna verk.

Tukthuset

1. februar

Kl. 13:30

Med

Halvor K. Hosar