21 jan TRØNDERSKE METAMORFOSER
Trønderske Metamorfoser
Thea Selliaas Thorsens fyrste komplette omsetjing av Ovids Metamorfoser (2024) til norsk har ein handfull med føregangarar i form av omsetjingar i utval. Fleirtalet av desse blei gjorde at trøndarar. Korleis kan det ha seg? Kvifor omsette ein conrector ved Katta delar av dette verket allereie i 1704, fire år før den fyrste omsetjinga kom på svensk? Og kvifor vende «Det kongelig Danske Skildre-, Billedhugger-, og Bygnings Academi» seg til viseborgarmeisteren i Trondheim då dei trengde eit lengre utdrag frå Metamorfosane?
Knapt nokon har høyrt om dei i dag: Hans Skanke, Niels Krog Bredal, Carl Müller og Ingolf Ranum. Men dei var skolemenn og borgarmeistrar i eller frå Trondheim som hadde det til felles at dei hadde omsett delar av Ovids Metamorfoser. Fram til 1973 var det faktisk berre trøndarar som hadde gjeve seg i kast med dette verket i Noreg. Høyr spesialbibliotekar Alexander Haraldsvik-Lyngsnes fortelje om trønderske metamorfoser og bok-klenodium frå 1700-talet som ein framleis finn ved Gunnerusbiblioteket i Trondheim!
Tukthuset
31. januar
Kl. 12:00